I dag kom det 121 gram post, og nokre av dei var bladet Vestmannen. Denne blekka tinga eg ein gong for fem-seks år sidan, uvisst av kva grunnar. Eg har ikkje betalt sidan, men det kjem i posten
fast og trutt. Eg har sjeldan lese noko av det som står der, og i bot for dette skal eg gje nokre små teaserar på kva som står skrive i denna utgåva. På framsida er det eit hyllingsdikt til Per Sivle. Det er ei sak frå årsmøtet i Bladmannalaget, Gunnar Staalesen har skive sogespel, reisebrev frå Estland, bokmeldingar og høgnorsknytt.
Kjøpte i går «highbrow-bladet» Vinforum. Der er det ein artikkel om rieslingdrua sin renessanse og ein test av Côte Rotie, Hermitage og Cornas. Det er Cornas frå August Clape og Thierry Allemand som kjem best ut. Av Hermitage-vinane er det Chave 2001 som får mest poeng (86), medan Chapoutier sin Sizeranne 1999 får 84. Ein del produsentar får kritikk for mykje eikebruk. Eg tykjer også at det er litt skuffande poengsummar på nokre av vinane. Kanskje auka popularitet og pris har gjort at nokre produsentar no ligg på latsida og sel alt dei lagar uansett.
Endeleg ny utgåva av Vestmannen! Det berre må eg få lese…..
Har mellom anna vore i kontakt med personar som hev fyrstehandsinfo om bite-episoden på årsmøtet.
Bladstyrar hev vore i mange aar, Ludvig Jerdal, er avliden. Han hadde sine meiningars mot, so sterke at han kom i klørne åt lensmennerne til tider. Kunne setja på prent ærekrenkjande utsegnir um anna folk, og daa var det inkje ventande anna enn at ordensmakti måtte ta aatgjerder av so ymse slag…………….