Fekk endeleg ferdig dias-serien frå interrailturen i sumar. A, K, B og K kom for litt mat og framsyning. Det vart nok kanskje litt mange vinmarker og intrikat tysklandgeografi. Men men.
I dag var det fotball på Møllaren. Ã… var med og lova å stikke bort på SV og fikse serveren som har vore nede. No er ting oppe att. Og takk for det. A har vore på vitjing og vi har vore på mørkerommet og kontaktkopiert. Snakka om damer. Hm.
Fotball og mørke
oktober 24, 2004 av Håvard Flatland
Fotball er kjekt. Eg har ete pizza og drukke kaffi. Legg merke til eit nytt verb i denne postinga, føler òg eg har sett det før: Ã… kontaktkopiere.
Kaffi er bra. Diverre har systemet mitt problemer med den slags væske, så eg drikk det svært sjeldan. No les eg KK og et bollar. Ah, livet er ikkje så verst.
Det ør nemnast at det truleg vart sett ny krinsrekord i fullkontaktkopiering, med 10 20×30 på 55 minutt. Slettes ikkje gale, diverre fann eg ein sju-åtte andre filmar heime, så det er berre å kjøpe inn ark (eg betaler).
Elles viser Håvard ei rørande grad av sjølvinnsikt når han audmjukt innrømmer at det kanskje vart litt mange bilete av tyske vinmarker laurdag, eg trur nok det er konsensus om at fire hundre vinmarkbilete er i meste laget, spesielt når desse markene er tyske (tysk mark med andre ord).
ofeoy
icaa