Sa visst til kona at eg ikkje skulle kjøpe så mykje sjokolade denne gongen, men kom heim med 2899 gram.. Dersom vi tek med dei 1500 gram med M & M`s eg kjøpte til kona, så vart det faktisk rekord. Godt å vere heime att.
Hugsar så vidt at eg lova Steve og Martin at eg skulle skrive ei sak til 70% om sjokoladeveka, og no angrar eg. Nuvel, eg fekk jo smake det siste frå misjonsmarkene.
Martin opna ein gullfarga boks med San Jose-prøver får Domori. Delte den vesle biten og så smakte vi. Det var ein Ocumare 61, 100% kakao. Den fanst ikkje bitter. Ikkje fullt så waxy som dei andre frå Domori. Så var det ein Ocumare 67 med 80% kakao og salt og fruktose. Mmm. Svært creamy og fruktig. Saltet dreg ut litt ekstra smak. Smeltar fantastisk, nett som ein mjølkesjokolade. Smakte også Ocumare 61 og Ocumare 67 med 70 % kakao, og dei var hakket betre enn Puertomar og Puertofino.
Waxy og creamy? Må sei det røskar litt i drøvelen når eg les dette! 😀
Lurer elles på kor godt du er kjent med toll- og avgiftsreglementet? Så vidt meg betjent (er usikker på kven som har betjent meg, vel og merke), vert det operert med ei øvre grense for talet på kg (ja, altså kg og ikkje kilo, slik norske media føretrekk å kalle det) sjokolade ein kan frakte inn til landet utan å fortolle. Du seier, klokeleg nok, ingenting om dette, men eg har nok mine mistankar, ja!
Ha, festleg at du har kalla dei fiktive sjokoladevenene dine Steve & Martin (etter Steve Martin, skjøner? Han skulle jo kanskje spele rolla som Willy Wonka i Charlie og sjokoladefabrikken (som kjem neste år).
Elles trur eg Mr. Cortina kan få jobb i toll- og avgiftsdirektoratet om han spør fint.
Eg tek gjerne ein jobb i Toll- og avgiftsdirektoratet. Spesielt som tollar og spesielt dersom eg får gleda av å fakke Frp-velgjarar som smuglar brennevin og Svinesund.
Gå og legg deg, du, Mr. Undercoward.
Steve og Martin er høgst levande personar og det kan eg bekrefte, i alle fall fram til sundag kveld. Eg høyrde at Johnny Depp skulle spele Willy Wonka, men eg kjenner ikkje han like godt som Steve og Martin. Tilsetjingsrutinene i Toll- og avgiftsdirektoratet kjenner eg heller ikkje til.