På måndag er det valdagen, men viktigare er det at no byrjar bokhausten! Og for dei som har kika innom ein bokhandel i fylket vårt, så veit de at jau, dei har dei siste bøkene til Jo Nesbø og Anne B. Ragde, men viktigast er nok bøkene om oss sjølve. Turbøker, lokalhistoriske vegvisarar, lokale skrøner, [...]
Arkiv for kategorien ‘Observert og klypt’
Bokhausten i trivselsfylket
Posta under Bøker, Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas den september 11, 2011 | 3 kommentarar »
Back to the future II – 1984
Posta under Bøker, Observert og klypt, Samfunn den juni 19, 2011 | Legg att ein kommentar »
Nei, ikkje året 1984, men boka. Vi var ein tur heime i trivselsfylket i førre veke, og opplevde det gode gamle regnveret i Førde, slik eg hugsar det frå barndomen. Intenst, men utan bryske seg. Nei, ikkje slikt ekstremregn som vert innslag på fjernsynet, berre massivt fuktig regn som trengjer gjennom, innunder og oppunder regnklede [...]
Groteskt moro
Posta under Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas den januar 10, 2011 | Legg att ein kommentar »
Dersom du ikkje har noko imot svenskar, (106 år etter unionsoppløysinga er det vel på tide å senke skuldrane og gle seg over noko av det dei har å by på), så sikt deg inn på svtplay.se og søk etter grotesco. Festlig humorserie litt i stil med Ut i vår hage.
Galette des Rois, les Rois des galettes
Posta under Gastronomi, Observert og klypt, Samfunn den november 14, 2010 | Legg att ein kommentar »
Dersom de har ein ledig 1,5 time til overs, så vil eg foreslå at de kikkar på programmet Kakekongene, som fram til 20. november ligg ute på nrk.no sitt nett-tv. Som konditor har eg vore borti ein del av elementa som desse må igjennom, men på eit noko lågare nivå. Dei få piece montées eg [...]
Newspeak
Posta under Fotografert, Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas den oktober 22, 2010 | 1 kommentar »
Daglegvarekjeden Coop, er i følgje reklamen, “litt mitt”. Tydeligvis eig ikkje eg eller andre vossingar nok til at vi kan få nynorsk i butkkane her i nynorskkommunen Voss, det er vel viktigare å konkurrere på pris. Alikevel tek dei seg råd til nokre feite vendingar i omtala av eit magert produkt. Kanskje litt smør på [...]
Sykkelen. 10 år bakåt och 100 år framåt
Posta under Lettbeint tylen og i høg fart nedover, Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas den september 29, 2010 | 2 kommentarar »
Originalen, kjøpt i Oslo for ti år sidan. Slik han er i dag. Bremsehendelen Ultimate V-chip, vart kjøpt på bryllaupsreise i Stockholm i 2002. Hjula er tinga frå Cyclecomponents si teneste Wheel builder ™, som dei no diverre har kutta ut. Kva skjedde?
Yr? Ein kjempevits!
Posta under Observert og klypt, Samfunn den januar 11, 2010 | Legg att ein kommentar »
No seier målestasjonen i Voss sentrum at det er -23 grader. På yr.no melder dei at temperaturen på Voss frå klokka 14 – 18 skal vere -10 grader. Korleis ser dei for seg at temperaturen kan stige 13 grader på fem minutt er for meg ei gåte. Eg trudde at litt av vitsen med å [...]