Jau, ryktene er sanne, me skal flytte attende til Førde. Husvære er kjøpt (nuvel, kontrakt er inngått og betongfundament er observert), men det skal truleg ikkje vere ferdig før mai neste år. I mellomtida treng vi altså eit krypinn for våre blomar, sofaen, to born og 41 banankassar med “krydder + div.” Ingeborg har fått [...]
Arkiv for kategorien ‘Observert og klypt’
Back to the future/Attende til framtidsfylket
Posta under Observert og klypt, Samfunn den juni 7, 2011 | 1 kommentar »
Scener frå eit ekteskap..
Posta under Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas den juni 3, 2011 | 1 kommentar »
Ved kjøkenbordet etter at middagen er fortært. Borna har som vanlig knapt ete noko, men brorparten av det som var på tallerkenen ligg no på golvet, og yngstemann (som enno ikkje har lært (sukk) å krabbe) smør det utover. Ute er det 18,4 grader og overskya. Dei er kledde i middelklasseklede kjøpt hovudsakleg på inspirasjonslause [...]
Det daglege brød
Posta under EDB Solutions, Fotografert, Gastronomi, In vino veritas, Observert og klypt, Samfunn den mai 11, 2011 | Legg att ein kommentar »
I dag har eg drukke kaffi, baka fire brød, og sett på Gary Vaynerchuck, som seier til vinprodusentar i Napa Valley at dei må kome seg i gong på sosiale medier for å selje vinen sin, og få eit eie-til-ein-tilhøve til kundane sine. Eg er ikkje så veldig aktiv i sosiale medier, men sparer peng [...]
NM til Førde!
Posta under Observert og klypt, Samfunn den januar 8, 2011 | Legg att ein kommentar »
Eg vil gratulere Førde som ferske noregsmeisterar i volleyball! Velspela og spanande kamp.
2+2=4
Posta under Observert og klypt, Samfunn den august 28, 2010 | 8 kommentarar »
Glede i heimen! Vi fekk ei flott lita jente i går, rett etter Dagsrevytid. Fødselen såg ut til å trekkje i langdrag, men plutseleg kom ho! Vossatausa har enno ikkje fått noko namn, så gode framlegg vert mottekne.
Skrifta på veggen
Posta under Observert og klypt, Samfunn den august 24, 2010 | 2 kommentarar »
Det nye klasseskiljet går ikkje lenger etter storleiken på lommeboka, men om du les i eller ler/gret av avisene. I serien av utklypte artiklar frå medium utan korrektur og ambisjonar, har vi i dag kome til nrk.no, sikkert kjend for dei fleste. Her frå ei sak om at Roger Waters tek med seg “The Wall” [...]
Kunnskapsløftet
Posta under Observert og klypt, Samfunn den juli 23, 2009 | 1 kommentar »
Våren 2004 vart det innført nasjonale prøver i grunnskulen, og dette var meint å vere eit kvalitetsikringsverkty for lærarane og skulane. Nokre meinte at med offentleggjeringa av prøvene så vart dette ein ny gapestokk. I nærleiken av heimen til mine foreldre i Førde har nokre sett opp skilt som er noko vel ærlig om nivået [...]
Relativt ny teknologi/skilt/div
Posta under Fotografert, Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas den juni 28, 2009 | Legg att ein kommentar »
For nokre år sidan kom det mobiltelefonar med innebygd digitalt kamera. Kvaliteten på bileta var no so som so i byrjinga. På min telefon som er om lag tre år gamal er det kamera, men eg har ikkje brukt det så mykje. I dag tenkte eg at eg skulle forsøke å overføre bileta til Mac-en. [...]
Med nepa full av kålrot
Posta under Fotografert, Observert og klypt, Tant og fjas den september 21, 2008 | 2 kommentarar »
Kaste grauten/grautkasten
Posta under Fotografert, Observert og klypt, Tant og fjas den september 21, 2008 | 2 kommentarar »