Arkiv for kategorien ‘Bli steinrik i ein fei!!’

Rund dag!

januar 12, 2009

rund1

 

rund4

 

rund3

 

rund2

Jubilanten fotografert av A på eit av Noregs tristaste motell.

Over bekken etter vatn

november 11, 2008

Vi arva nokre peng etter Guro, og vi tenkte kanskje at vi skulle kjøpe noko kunst. På ein tur heime i Sunnfjord undersøkte vi om det var noko å få kjøpt av den ikkje heilt ukjende Oddvar Torsheim, original, lokal helt og 70-årsjubilant. Det var ikkje så lett, men han skulle ha ei utstilling i Oslo om ikkje lenge, der det skulle vere ein del bilete til sals. No i helga var vi i Oslo, og jammen vart vi etter kvart samde om å kjøpe ein akvarell frå 2003 som heitte “Heim, kjære heim”. Dersom de har sett dette bilete, skjønar de sikkert at det ikkje var utan ein viss debatt at vi faktisk kjøpte dette bilete.

Dersom de er i Oslo kan de sjå dette og andre Torsheim-bilete på Galleri Tonne i Kristian Augusts gate 12, fram til 16. november.

Lukke over heile lina

august 9, 2008

Her ein dag var Endre og eg ute å gjekk i gatene, og rett som det var stogga vi for litt kaffi og ein matbete. Vi tinga kaffi, men det vart og det rakk før han kom på bordet. Etter at vi hadde etterlyst han to gonger, fekk vi til slutt kaffien vår, og som plaster på såret, ein “Fortune Cookie” kvar. Meldinga på lappen inne i kjeksen var slett ikkje verst!

No skal eg ut å kjøpe ingrediensar til eit godt måltid, så får vi sjå om eg klarer å utrette “anything” med dei.

Elles har det vore ein fin laurdagsfrukost med The Shins, Dag og Tid og iskaffi. Nett som i gamle dagar.

Smiley Aili

mai 3, 2008

“Hurra! Det vart ja i uravrøystinga i LO for det framforhandla forslaget.”

“Men kva vil AFP-ordinga seie for meg når eg vert gamal?”

K&B = sant

april 15, 2008

K&B gifta seg på laurdag, og dei stråla i duskregnet i Kristiansand. Hurra! God mat, fin stemning og til dels poengterte talar.

Det var kjekt å få seg ein tur sørpå, og å treffe att litt vestlendingar og anna godtfolk. Innkvarteringa eg hadde ordna for A, K og meg, var dog i enklaste laget. Vel, vi fekk no stroke dressbuksene våre, på eit bord som vi stal frå resepsjonen. Av andre positive ting å nemne, er reint sengetøy, varmtvatn i dusjen, delvis fungerande trådlaust nettverk og desillusjonerte islandske teenagers i resepsjonen.

Til Bunnpris i frisk bris

februar 22, 2008

I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.

Nokon som gjenkjenner denne gensaren?

Med broddar og fire hjul i svingen. HMS i praksis.

29..

januar 12, 2008

Jepp jepp, no er eg 29! Det har vore ein strålande dag, og eg takkar for helsingar frå vener, slekt og den norske regjering. Gåvebordet spenner over alt frå diktbøker til potetgull, og utover dagen vert det nok både kaffi og kaker. Eg kjenner at eg snart er ein vaksen mann, men trass i at det ytre er i fritt fall, så sprengjer ungdomen innanfrå. Eg kunne sagt mykje om mine bragder til no i livet, men det vel ikkje så mykje som ikkje allereie er skrive i bøker og aviser.

Eg vil gjerne få gratulere Ray Manzarek, Haruki Murakami, Mel C, Amerie og Cato Zahl Pedersen med dagen!

Frå fjorårets feiring. Mel C og Murakami kunne ikkje kome då heller, pga tåke på Gardermoen.

Mellom bannande baillhestar og røykande røyer..

april 3, 2006

He he, ja det har seg altså slik at eg no tener to herrar, eller eigentleg ein herre og ei kvinne. Eg har fått meg ekstrajobb som konditor på byens bakeri. Der vert eg gåande mellom jenter, medan mine kollegaer på kjøkenet på Rica er gutar alle saman. Dette til orientering.

Kameraquiz til Endre og Arild (og evt andre som slengjer seg på)

mars 9, 2006

Fekk (som så altfor ofte) med eit reklamebilag med BT som eg kjøpte i går på Narvesen i Hammerfest. Der oppdaga eg eit gamalt rangefinderkamera i hendene på ein skinnjakkekledd modell. Quizen har eitt spørsmål og det er:

Kva kameramodell er dette?

Vinnaren får premie!!

Kjøpefri dag

november 25, 2005

Har du tenkt å markere verdas kjøpefrie dag? Les meir på Framtiden i våre hender sine sider og finn ut at dette kan også du markere i år.