Arkiv for kategorien ‘Bøker’

Drum roll

februar 2, 2009

I tillegg til bursdag og 14 dagar perimisjon har eg i januar fått lese ein del bøker. Faktisk ti stykker, ja heile serien til Gert Nygårdshaug om Fredric Drum, som byrja med Honningkrukken i 1985 og vart avslutta med Rødsonen i 2006.

Fredric Drum driv ein liten restaurant i Oslo med fleire stjerner i Guide Rouge. Han er også dechiffreringsekspert og driv og tyder gamle skriftspråk på fritida. Dette gjer at han stadig viklar seg inn mysterier på reiser rundt i verda. Det vert konsumert mykje god vin i desse bøkene, men det er ikkje så lett for lesaren følgje med på alle referansane (smaksmessig altså), med mindre du eig ein velfyllt kjellar med Bordeaux frå sytti- og åttitalet..

Myseriene Drum rotar seg inn i har røter i røynda og ein får grundig info om både dulgde katolske brorskap, pyramidane i Egypt og undergangen til Mayakulturen. Det er spanade og velskrivne bøker, men som fagmann innan det gastronomiske er det av og til eg lurer litt. Til dømes vert restauranten til Drum, Oslo sin beste, store deler av tida bemanna med nesten berre lærlingar. I ein av bøkene er motivet for ugjerningane at nokon vil tene store pengar på ein vin (i Bordeaux) som er naturleg gjæra til 17% alkohol. Eg tvilar litt på at ein slik vin ville vorte ein storseljar. Det er få raudvinar med ein slik alkoholstyrke (det finnst vel nokre Amarone- og zinfandelvinar) som er balanserte, eller i det heile drikkande.

Dei ti bøkene kan lesast kvar for seg, men det er også ein historie og utvikling av karakterane Drum og hans onkel Skarphedin Olsen gjennom bøkene. Denne er etterkvart i seg sjølv eit lite mysterium, og ein grunn til å få med seg alle bøkene kronologisk.

Er du det minste interessert i litteratur, krim, gastronomi, vin, mysterier eller kanskje alt dette, kan eg tilrå desse bøkene på det grovaste.

2008 eit julebrev

desember 26, 2008

I 2008 vart vi tre og det har sett eit kraftig preg på dette året. Aili kom til verda 15 dagar på overtid og etter ti timar med rier, midt ute i februar. Sidan har vi lært noko kvar dag om det å vere foreldre. Dette vart også året då vi vende ryggen til Hammerfest, og flytta attende til Bergen og leiligheita på Møhlenpris. I juni byrja eg som vinkelner på Park Hotel Vossevangen og vart togpendlar. Ein kan sikkert seie mykje om BM 69, men spesielt gode seter og lydisolering har det ikkje. I juli var vi gjester i fire bryllaup på rad, så det var den sumaren. Ut på hausten fekk vi oss vaskemaskin og vi kunne ta til att med tøybleier. Med pendling og bleiebretting har det blitt mindre tid til bøker, kino og konsert, men noko har eg fått med meg. Som sommelier har eg fått høve til å smake mykje interessant vin, men det har blitt mykje i forbifarten. Nokre har eg då fått høve til å nyte i ro og fred eller godt lag. Lista nedanfor er difor lett blanding av jobb og fritid.

Aili sju minutt ut i livet og inn i verda.

Vel heime hjå far.

Trøttetroll.

Saman med mor i hammocken i Masfjorden.

Siste dag på jobben før jul. Eg kjenner meg fortent til å posere med Romanée-Conti..

Listeoppsumering

Bøker:
Question of taste, the philosophy of wine
Hermanas – Torgrim Eggen
Den nye Dylan – Torgrim Eggen
Wine and philosophy
Verden uten oss – Alan Weisman

Vinar:
Meriggio 2006 – Fontodi
Pur Sang 1999, 2000, 2001 – Didier Dagueneau
Hocheimer Hölle Auslese Trocken 1993 – Franz Knstler
Ribolla Gialla 2003 – Stanislao Radikon
Chablis 2005 – Duplessis
Bonnes Mares 1998 – Roumier
Chambolle-Musigny Les Amoureuses 2002 – Mugnier
Ch. Margeaux 1985
Ch. Latour 1983
Opus One 1994 – Mondavi/Rotschild
Flaccianello della Pieve 1995 – Fontodi
Chianti Riserva Bucerchiale 1998 – Selvapiana
Ch. Mouton-Rotschild 1982
Botond Tokaji Cuvee 2006 – Istvan Szepsy
Schlossböckelheimer Kupfergrube Riesling Auslese 2005 – Dönnhoff
Scharzhofberger Riesling Spätlese 2005 – Reichsgraf von Kesselstatt
Quart de Chaume 2004 – Chateau de Variere

Filmar:
Kautokeinoopprøret
Indiana Jones 4
The Dark Knight
Happy Go Lucky

Konsertar:
Neil Young
Ungdomskulen
Empty bottles broken hearts

Tal diasfilmar teke i år: 0
Tal svart-kvitfilmar teke i år: 0
Tal eksponeringar digitalt i år: nokre tusen

Hermanas

juni 15, 2008

Etter at eg fekk ny sivil status, før: gift, no: gift 1 barn, har hendene vore fulle av alt anna enn bøker og lesing. Den einaste boka eg har lese etter januar er Vegen til førerkortet, og det var ingen pageturner, for å seie det sånn. Men på biblioteket fann eg fram litt på måfå til Hermanas av Torgrim Eggen. Ein roman om ein ung poet sin oppvekst på Cuba på 70- og 80-talet. Sentrale tema er kjærleik, sensur og politikk, ispedd litt sex og nokre historiske faktaboksar. Fyrst og fremst er det ei bok med 60% kjærleik og 70% beisk kritikk til Cuba, og regimet som styrer landet. God bok. Spring og lån hjå din næraste bokbuss.

2007 – eit julebrev

desember 17, 2007

Ã…ret begynte med fine snøtilhøve og vi fekk ein del turar i skitrekket på Prærien og på Skaidi. Det var også litt ruskever og eit par dagar eg kom nokre timar for seint til arbeid på grunn av snøstorm. I mars vart det ein tur til Oslo med konsert og restaurantbesøk. Nokre sesongar Sopranos har vi sett når det har vore ruskever ute, og når det har vore fint har eg sykla litt rundt om kring. I sommar var vi i Tokaj og Budapest, Førde, Loen, Viefjellet, Bergen, Masfjorden og Arendal. Eg er framleis på kjøkenet på Melkøya utanfor Hammerfest og Ingeborg er lærar på Fjordtun skole i Rypefjord. I år vert det jul i nord. Vi gler oss til høgtid og til barnet som er venta. Terminen er 31. januar. Det vert spanande. Er talkum inn eller
ut, no for tida?

2007 vart eit år med mykje sorg. Veslesøster Guro vart sjuk i mai, og var på sjukehuset i Førde og på Haukeland det meste av sommaren. Diagnosen var Alpers, ein sjeldan hjernesjukdom. 24 september døydde ho, med familien rundt senga på sjukehuset i Førde. Guro var ei livsglad jente som berre vart 13 år. Saknet er stort. Begge bestemødrene mine gjekk også bort i år. Mormor Sigrid Elisabeth døydde i april, 95 år gamal. Farmor Anna døydde i september, 93 år gamal.

Guro, 1994-2007

Listeoppsumering

Bøker eg har lese i år:
1964 – Ragnar Hovland
Mat og måltid – Henry Notaker
Veien ut – Bjørn Gabrielsen
Walden – Henry David Thoreau
Skrivemaskinkurs for menn – Alexander McCall Smith
Livets godteskap – Alexander McCall Smith
Apen og sjelen – Aldous Huxley
Gjensyn med vidunderlige nye verden – Aldous Huxley
Gråsoner – Arne Treholt
Internasjonalen – Gunnar Kopperud
Hellig land, evig strid? Erling Rimehaug
Det tapte landet – Göran Rosenberg
Stikk i strid – Frank Rossavik
Kollektivt selvmord – Arto Paasilinna
A life uncorked – Hugh Johnson

Minneverdige vinar:
Gattinara 2001, Travaglini
Anjou Blanc 1983, Touchais
Savigny-les-Beaunes 2004, Pavelot
Cornas 1996, Auguste Clape
Gevrey-Chambertin Clos Prieure 2001, Patrice Rion
Château du Saint-Fiacre Muscadet Sèvre et Maine sur lie Grande Cuvée Saint Hilaire 1996
Côte de Nuits-Village 2005, Patrice Rion
Argüeso Oloroso dry, Bodegas Argüeso
Ganz a’Siassa Schilcher Beerenauslese 2005, Strohmeier
Château Chantalouette 2000
Dr. Loosen Erdener Prälat Riesling Auslese Goldcapsel 1994
Tokaji Aszu 6 Puttonyos 1997, Hétszölö
Sarga Muskotaly 2006, Himesudvar
Tokaji Aszu 6 Puttonyos 2002, Himesudvar
Tokaji Furmint demi sec 2002, Úri Borok
Tokaji Cuvee Szent Tamás 2002, Úri Borok
Tokaji Aszu 6 Puttonyos 1999, Úri Borok
Tokaji Eszencia 2000, Úri Borok
Tokaji Aszu 5 Puttonyos 2000, Disznókö
Tokaji Szamorodni 2003, Istvan Szepsy
Tokaji Cuvee 2003, Istvan Szepsy
Tokaji Aszu 6 Puttonyos 2002, Istvan Szepsy
Tokaji Furmint 2003, Istvan Szepsy
Tokaji Furmint Úragya 2000, Kiralyudvar
Zeltingen Sonnenuhr Riesling Auslese** 1990, Markus Molitor
Chateau Musar 1999
Chateauneuf-du-Pape 2001, Feraud-Brunel
Tokaji Aszu 5 Puttonyos 1995
Hugel Gentil 2005

Filmar eg har sett i år:
Music and lyrics
De andres liv
Vanilla sky
Good night and good luck
Simpsons the movie
Spiderman 3
Harry Potter og Føniksordenen
300
Gudfaren 1
Gudfaren 2
Gudfaren 3
Switch
The Bourne Ultimatum

Konsertar:
Hoppalong Knut
Ungdomskulen
Wolfmother
Jan Eggum og Tonje Unstad
Ai Phenix

Tal diasfilmar teke i år: ca 10
Tal svart-kvitfilmar teke i år: 0
Vart dette året eg gjekk over til digitalt? Ja

Hmm.. dette julebrevet minner svært om dei som far min plar skrive, bortsett frå det med vinen og kanskje eit par av konsertane..

Bokoppsumering III

august 10, 2007

På tampen av sumaren vart det endeleg tid til litt lesing. Var som sagt ein svipptur til Bokbyen ved Skagerrak i høljeregn. Fekk no berga med nokre bøker heim att. Apen og sjelen (1956) og Gjensyn med den Vidunderlige nye verden (1959) av Aldous Huxley. I sistnemde diskuterer Huxley rundt “spådomane” han kom med i Vidunderlige nye verden (1948). Eg har også lese Arne Treholt sin sjølvbiografi Gråsoner. Ein fengslande murstein om den kalde krigens politikk og personlege lagnader! I romanen Internasjonalen av Gunnar Kopperud var det både skjemt og alvor om korps, danskar, arbeiderkamp i gamle dagar og nigerianske kvinner. Meir politisk har det blitt etterpå med Hellig land – evig strid? av Erling Rimehaug. No sist har eg dukka litt djupare inn i Israel med Göran Rosenberg sin Det tapte landet.

Var sommaren over?

juli 16, 2007

Vel vel, kom tilbake til det høge nord i går kveld. Flott ver. Sola skein og 16 grader klokka ni på kvelden. Men i dag er det overskya, vind og ti grader. Varselet framover for Hammerfest er som følgjer: tysdag; ti grader og regn, onsdag; elleve grader og overskya, torsdag; sju grader og regn og fredag; åtte grader og regn. Ja ja. Godt at vi har folk i grannelaget med Simpsons på DVD.

Nuvel, siste del ferien var ikkje så verst. Var ein snartur innom Bergen og tannlegen. Så fór vi til Masfjorden med H og T. Der vart det bading på fleire nivå, fisking og båtkøyring. Til reker og loff vart det skjenkt ein mineralsk riesling på Alsace. Til fiskesuppe var det Muscadet. Det vart også ein runde med Alias, gutane mot jentene. Eg trur det var vi som vann.

Så bar det gjennom vasstrekte austlandsbygder på veg til Arendal. På Tromøya hadde vi fine dagar med litt bading, soling, forefallande utearbeid og avslapping. Eg må hugse å ta med meir lesestoff neste år. På laurdagen tok vi ein tur til Tvedestrand og Bokbyen ved Skagerrak. Fekk kjøpt nokre bøker av Aldous Huxley og eit par bøker om gastronomi.

Eg har skote ca 6 diasfilmar denne sumaren, Fuji Sensia 100 og 400 og ein Velvia 100. Dei som ikkje er redde for bannskap og dårlig ver, kan ta turen nordover til hausten og sjå herligheten framvist frå ein Kodak Carousel.

Bokoppsumering II

februar 6, 2007

Til jul fekk eg Ragnar Hovland si siste bok 1964. Romjula var så tettpakka at eg ikkje fekk lese ho før januar og eit nytt år kome. Litt skuffande kanskje, men ein del underfundig og Hovlandsk moro.
Til bursdagen var eg så heldig å få Mat og måltid av Henry Notaker. Dette er ei bok om matvaner og norske matrettar si historie i hovudsak frå 1800-talet til 1900. Bjørn Gabrielsen har budd eitt år i ei enkel hytte i Nordmarka, og slikt blir det bok av. Ho heiter Veien ut, og er vel verd å lese. I tillegg til logistikk for folk som nyttar sykkel og hundeslede som transportmiddel, handlar ho om vårt aukande forbruk og behov for kraft og bensin.
Eg har på den litt lettare fronten gjort unna dei to siste bøkene til Alexander McCall Smith om detektiv Mma Ramotswe i Gaborone. Skrivemaskinkurs for menn er bok nummer fire i serien,
og Livets godteskap er nummer fem. Festlige og lune bøker.

Force majeure

februar 2, 2007

Eller veret, som det ofte er her nord.

I dag har eg ikkje kome meg på arbeid, i allefall ikkje enno. Det bles liten storm med mykje snø i, så sikten er minimal. Drosjene vil ikkje køyre i dette veret, bussane er førebels instillte så det ser dårlig ut. Det visst ikkje brøyta heller. Eg har difor byrja på den siste boka om Botswana sin einaste kvinnelege privatdetektiv Precious Ramotswe.

Bøker/bursdagsønskje

januar 4, 2007

Det kom som vanleg eit matrielt oppsving rundt 24. desember. 12. januar fyller eg år og for dei som absolutt ønskjer å sende gåver så kan eg nemne nokre av bøkene eg ikkje fekk til jul.

- Herifrå, av Katrine Sele og Oddleiv Apneseth
- Veien ut, av Bjørn Gabrielsen
- Mat og måltid, av Henry Notaker
- Vestlandets historie, redigert av Knut Helle

For dei som reiser heilt til Sverige for å oppfylle mine ønskjer, så kan eg nemne at ei flaske Moulin Touchais 1979 (mitt fødeår) er supert.

2006 – eit julebrev

desember 20, 2006

Ã…ret starta med stormen/orkanen Narve og det vart litt action her i vestfylket. Bussane gjekk ikkje på mange dagar og Ingeborg kom seg ikkje på arbeid på ei heil veke. Vi hadde ein fin tur i bakken i Rafsbotn med Gunnhild og Bjørnar og vi vitja Ã…got i Tromsø. Det har også vore fine skiturar til Tinnstua ved Vassbuktvatnet, Rundvanshytta og Montenegrohytta. Vi spelte ein del innebandy i gymsalen på sjukepleierhøgskolen på våren, medan eg litt seinare byrja på Herretrimmen på Baksalen. Frå april til august jobba eg litt på bakeriet i tilleg til på Rica. 1. oktober byrja eg i ny jobb i kantina på administrasjonsbygget på Melkøya. Eg har også byrja som støttekontakt i kommunen. Eg har altså tent heile fem ulike arbeidsgjevarar dette året, noko som er rekord for min del. Sommaren var ikkje særleg fin her nord, men i slutten av juli tok eg ferie og reiste etter kona som var på hytta i Arendal. Ei fin avslappa veke der med bading og is, før vi reiste til Sogndal og hytta. Der fekk vi med oss ein flott tur til Fuglesteg over Fortun innst i Sognefjorden. Det var mykje slekt og godtfolk med i alle aldrar. Det vart nokre fine dagar i Førde også med bading på Langeland og i Erdalen. Vi reiste ein tur til Masfjorden, der vi fiska litt og slappa av på svaberga. Vi svippa innom Bergen og fekk treffe gamle kjende. Så reiste eg og nokre kameratar til Voss og årets vinoppleving. Så bar det til Oslo og Øyafestivalen med mykje god musikk, men ikkje alltid like godt ver. Hausten har vore travel nok. Ingeborg har hatt suksess med oppstart av Friskis&Svettis. Sjå i arkivet om du ønskjer å sjå meir detaljert om kva som skjedde i år.

Listeoppsummering:

Bøker eg hugsar å ha lese i år:
Trynefaktoren – Torgrim Eggen
Den Uendelige Historie II – Michael Ende
Tyl – Finn Tokvam og Halvor Folgerø
Ut og stjæle hester – Per Petterson
Cooking for kings, the life of Marie-Antoine Carême – Ian Kelley
Under brua – Marita Liabø
Doppler – Erlend Loe
Volvo Lastvagnar – Erlend Loe
Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelse som har hjemsøkt vårt land – Dag Solstad
Mao min Mao – Hans Petter Sjøli
Humlehonning – Torgny Lindgren
Lyset – Torgny Lindgren
Fer-de-lance – Rex Stout
Snø vil falle over snø som har falt – Levi Henriksen
Modellen – Lars Saabye Christensen
Få meg på for faen – Olaug Nilssen
Gunnar Staalesen – Dødens drabanter
Flytande bjørn – Frode Grytten
Hugo – Simen Sætre
Escoffier, the king of chefs – Kenneth James
Damenes Detektivbyrå nr.1 – Alexander McCall Smith
Sjiraffens tårer – Alexander McCall Smith
Moral for vakre piker – Alexander McCall Smith

Fine filmar eg har sett på kino eller DVD:
Pingvinenes marsj
Oljeberget
Tilbake
Delicatessen
Kim Novak badet aldri i Genesaretssjøen
Cars
Volver
München

Teater:
Brand (Grimstad)
Falne engler (DNS)

Konsertar:
Madrugada (Hammerfest)
Iver Kleive, Knut Reiersrud og Vokal Nord (Tromsø)
Sondre Lerche og Bo Kaspers Orkester (Arendal)
!!! (Øya)
Motorpsycho (Øya)
Morrissey (Øya)
Dumdum Boys (Øya)
Marit Larsen (Øya)
Datarock (Øya)
Black Debatt (Øya)

Minnerike vinopplevingar:
Domini Veneti Amarone 2001
Duplessis Chablis 1. cru Montmains 1998
Disznókö Tokaji Aszu 5 Puttonyos 1988
Moulin Touchais 1989
Mugnier Chambolle-Musigny 2003
Saint-Aubin 1999
Gevrey-Chambertin En Songe 2001
Chablis Vaillon VV 1995, Jean Dauvissat
Morey-Saint-Denis 1. cru Clos de la Boussier 1999
Nuits-Saint-George 1. cru Les Argilliers 1989
Chateau Bastor Lamontagne 1990
Corte Giara Recioto della Valpolicella 2004
Arnoux Bourgogne Pinot Fin 2004
Henriques & Henriques Malmsey 10 years old

Tal diasfilmar eg har teke i år: ca 12
Tal svart/kvit-filmar eg har teke i år: 0