Yren lyren sydenturen

By dagane

lyr2

Dagens middag. Lyr med sydlandsk (thai) vri.

400g lyrfilet

litt brokkoli

1 litt ukjend grønsak som eg kjøpte for nokre veker sidan, og som eg trudde var søtpotet

1 gulrot

1/4 raud paprika

1/4 gul paprika

1 gul lauk

1 raudlauk

1 kvitlauk

2 fiskebuljongterningar

6 dl vatn

1 boks kokosmjølk

1-2 ts Patak mild currypaste

litt hakka persille

Fres hakka kvitlauk og currypaste i olje. Ha i vatn og fiskebuljong og kok opp. Kok bitar av dei harde grønsakene møre. Ha i kokosmjølk. Kok opp. Ha i resten av grønsakene og fisken. Dryss over hakka persille til slutt.

lyr1

Ei tilbakemelding til “Yren lyren sydenturen”

  1. guf seier:

    Grønsaker med litt ubestemmeleg farge og konsistens, og gjerne med litt uvanleg lukt, er ikkje så heilt framand i vårt kjøleskåp heller…….

Legg att eit svar