Arkiv for juni, 2006

Vidare, alltid vidare

juni 29, 2006

Kom ganske tilfeldig inn på sida www.lensbabies.com. Ganske moro med plast til både film og pixlar. A, K, E og andre fotofreaks: dette er vel ikkje så dumt? Og 2.0 til og med!

Anakronismus camara emulsjonum

juni 29, 2006

Fyrst til Ingeborg om du les dette i Oslo/utlandet: Hopp Caroline, hopp!

Så ser det endeleg ut til at eg har lukkast i å skaffe meg eit Cosina CX-2, mora til Lomo LC-A, og med motor og greier! Eg vonar det fungerer, det er kjøpt på fransk ebay frå ein kar i Barcelona..

Eh.. du skulle ikkje heller kjøpt deg eit digitalt spegelrefleks?

Hmm.. nei.

Følg med, det er ting i posten frå Morgan Sparks!

Eidvågtind og fisketur

juni 20, 2006

Fin tur til Eidvågtind i går med Tor Olav. Lettskya pent ver og litt mygg. Vi fiska litt i Eidvågvatnet, men fekk ikkje eingong napp. Endå eg hadde nye slukar!

Grip sykkelen!

juni 14, 2006


Race

Face

Svipptur sørover

juni 8, 2006

Karianne og Lars Magne vart godt gift på Karmøy.

I Bergen vart det gjensyn med gamle vener. Leiv Otto og Oda var i barnedåp og vi stakk innom Moliere for kaffi og sjokolade. På mandag vart det 2 timar beinhard fotballkamp på den mykje omtala kunstgrasbana på Møhlenpris. Vi fekk kaffi, kaker og omvisning i det nye husveret til Håvard og Trude. Hjå Kenneth og Beate vart det servert kylling, potetstappe og Gevrey-Chambertin, og vi fekk helse på Synne for fyrste gong. På tysdag var Andreas og eg på Biltema og eg fekk med meg kjedereinsesett, og frå Lagunen eit par flasker Grand Cru.


The DUS (Desillusjonerte Unge Sunnfjordingar)

Tilbake i Finnmark skein sola og det var reinsdyr i hagen.